Trur informasjon er ein viktig del av løysinga på villcamping:

– Folk vil ha ei forklaring

Anne Rudsengen i Statens Naturoppsyn (SNO) trur ein kjem langt med informasjon og forklaring, gjerne gjennom ein god prat, i arbeidet mot den ulovlege teltinga på Breng.

Oppsyn: Anne Rudsengen har arbeidd i Statens Naturoppsyn (SNO) i tjue år. Hennar erfaring er at folk gjerne vil ha ei forklaring på kvifor lovverket er som det er. Då godtek dei som oftast det. Her ved Breng i Lodalen der ulovleg telting er ei utfordring.  

Nyheter

(Fjordingen): I den snart 65 år gamle Friluftslova står allemannsretten sentralt. Ein rett som gjev folk høve til å gå tur, plukke bær og slå opp telt i utmark utan å måtte spørje grunneigar.