Tre nye tilsette på kort tid - Nevstad gjer «comeback»

André Nevstad er tilbake i Sparebanken Møre etter ein periode i eliteserieklubben Mjøndalen. Birgitte Røyset Bakken og Elisabeth Nytun melder overgang frå høvesvis Nordea og Ulstein Verft.

Tre nye tilsette: Her ser ein Ellen Kvalsund, banksjef for personmarknaden ved Ulsteinvik-avdelinga til Sparebanken Møre - og Hege Karete Hamre, leiar for næringsliv på Søre Sunnmøre, flankere dei tre nytilsette. André Nevstad gjer comeback etter ein periode i fotballklubben Mjøndalen, medan Birgitte Røyset Bakken (midten) og Elisabeth Nytun Fredriksen kjem frå høvesvis Nordea og Ulstein Verft.  Foto: SPAREBANKEN MØRE.

Nyheter

(Vikebladet Vestposten): Birgitte Røyset Bakken og André Nevstad er tilsette som finansielle rådgjevarar innan personmarknaden i Ulstein, medan Elisabeth Nytun Fredriksen er ny seniorrådgjevar for næringslivskundane på Søre Sunnmøre. Det skriv Sparebanken Møre i ei pressemelding fredag.