Tabbe av kommunen:

Fleire møtte stengde stemmelokale

Ålesund kommune skreiv at veljarane kunne førehandsstemme til klokka 18 fredag, men dette var feil. Kommunen opna fredag kveld rådhuset for å hjelpe dei som blei utsett for feilen.

Illustrasjon  Foto: Håkon Mosvold Larsen/NTB

Nyheter

Ålesund kommune skreiv på nettsida si at vallokala på Moa Helsehus, Amfi Moa Øst og Digerneset hadde ope til klokka 18.00, men det gjaldt ikkje fredag før valet. Sunnmørsposten har fått tips om at det var kø av folk som ville stemme etter klokka fire, då dørene stengde.