24.036 har førehandsstemt i Ålesund

Laurdag ettermiddag er kommunen i full sving med å telje opp dei siste førehandsstemmene. Så langt ligg Ålesund i toppen over kommunar mest flest førehandsstemmer.

Tel førehandsstemmer: Frå venstre: Bjørn Ivar Rødal, Bjørn Arild Hatlem, Ragnhild Nordang, Tove Flisnes Opskar og Elin Moen.   Foto: Dagrun Lorgen Jensen

Nyheter

Over 51 prosent har førehandsstemt i Ålesund kommune, av dei totalt 47085 som kan stemme på Stortingsvalet frå kommunen i år.

Ventar fleire stemmer

På telefon fortel leiar av politisk sekretariat, Dagrun Lorgen Jensen, at talet vil auke.

– Det var 51 prosent som hadde førehandsstemt i går kveld. Vi skal telje opp dei siste no, det blir sikkert enno meir, seier Jensen.

I tillegg ventar dei på stemmesetlar frå veljarar som har stemt frå andre kommunar.

– Vi har 1579 førehandsstemmer som veljarar har gitt frå seg i andre kommunar. Vi ventar på 850 til som kjem i posten på måndag, seier Jensen.

Gode tal

Gjengen som arbeider på for å telje opp resten av stemmene, er godt nøgde med tala.

– Vi synest det er fantastisk, det er bra at folk har gått ut og stemt, og høyrt på alle oppmodingane. Det gjer at det blir tryggare å møte opp på valdagen, i og med at det ikkje blir så lange køar.

Til vanleg er det rundt 80 prosent som stemmer ved Stortingsvalet i Ålesund kommune. I år har dei håp om ei enno betre oppslutning.

– Vi håper det vil auke i år, i og med at vi har fått inn så mange stemmer allereie., seier Jensen.

Jensen vil gjerne skryte av både innbyggarane og valfunksjonær.

– Vi har 368 valmedarbeidarar som har arbeida i ein månad. Dei gjer ein fantastisk jobb. Eg trur vi ligg på topp ti av 365 kommunar, så vi er superfornøgde. Bra jobba, Ålesund!

I går kveld måtte dei halde opent lengre enn planlagt på vallokala.


Tabbe av kommunen:

Fleire møtte stengde stemmelokale

Ålesund kommune skreiv at veljarane kunne førehandsstemme til klokka 18 fredag, men dette var feil. Kommunen opna fredag kveld rådhuset for å hjelpe dei som blei utsett for feilen.


– Då vi opna i går kveld, fekk vi inn over 70 stemmer. Det er kjempebra at folk kom – også då. Dei var kjempenøgde.

Kan stemme frå bilen

På sjølve valdagen, oppmodar Jensen veljarane til å vere ute i god tid, og bruke munnbind.

– Er det kø på eit lokale, kan dei møte opp eit av dei andre lokala. Vi har 14 vallokale i Ålesund, så det skal vere god kapasitet. Har dei gløymt å ta med munnbind sjølv, har vi munnbind og handsprit på vallokala.

For dei som er i karantene eller har symptom på koronasjukdom, blir det merkja av område ved alle vallokala.

– Dei kan ta kontakt og stemme frå bilen. Vi vil ikkje ha folk med symptom eller som er i karantene inn i vallokala.

– Så det blir drive-through stemming på valdagen?

– Ja, eigentleg. Det blir lokalt tilpassa på alle vallokala.

Dei som er på isolasjon må derimot bli heime.

– Dei får ein sms med spørsmål om dei vil stemme. Då reiser vi ut og tar imot stemme frå dei, seier Jensen.