Ein centimeter meir på ferja kan koste dyrt

Kva takstgruppe ein blir målt til på ferja, kan utgjere stor prisforskjell på både billettpris og forskot på Autopass. Torleif Slettedal reagerer på det han meiner er å «flå kundar».

Ønsker svar: Torleif Slettedal meiner Skyttel ikkje har kontroll på lengemålingane på ferjene.   Foto: Severine Jarnes

Nyheter

For køyretøy på opptil åtte meter, kostar Autopass-avtalen 3000 kroner i 2021. Overstig du denne grensa, må du ut med 14.800 kroner for å få rabatt. Men kor nøyaktige er eigentleg lengemålinga om bord i ferjene?