Avslutta fleire festar

Fire i arrest etter bråk natt til søndag

Politiet melder om mykje bråk fleire stader i distriktet natt til søndag. Fleire festar blei stoppa, og totalt fire personar blei tatt med til arrest i løpet av natta.

Illustrasjon  Foto: Heiko Junge/ NTB

Nyheter

To personar mista også førarkortet i Sykkylven - den eine for å ha spunne rundt med bil fleire gonger på ferjekaia. Den andre blei tatt i 135 km/t i 80-sona mellom Aure og ferjekaia.