Vart avvist, men tok ikkje nei for eit nei:

Fem månader fengsel for langvarig sjikane

Langvarig sjikane etter å ha blitt avvist av ei kvinne tilbake i 2012, har no resultert i at ein mann frå Nordfjord er dømd til fengsel i fem månader.

Illustrasjon  Foto: Berit Roald / NTB

Nyheter

(Fjordingen) Mannen og kvinna vart kjende med kvarandre gjennom felles arbeidsgjevar. Dei hadde ifølgje dommen først eit venskapeleg forhold.