I båt frå Trandal for å levere si stemme

Søskena Daniel, Øystein og Linda Storeide går i land på flytebrygga på Sæbø. Onkel Olav hoppar lett på fot etter dei. Dei er på veg for å stemme ved stortingsvalet.

I LAND: Veljarar frå Trandal har nettopp lagt til kai på Sæbø. Frå venstre Daniel Storeide, Olav Storeide, Øystein Storeide og Linda Storeide.  Foto: Terje Engås

Nyheter

Og då må dei fire, som alle bur på veglause Trandal i Hjørundfjorden, nytte båt for å kome seg til vallokala på Sæbø. Turen tek ti minutt.