Sjå valsendinga på smp.no

Her kan du følgje valvaka i Møre og Romsdal direkte på smp.no.

Vi er på plass i Terminalen byscene i Ålesund der vi har samlet politikere til valgvake i samarbeid med NRK Møre og Romsdal.

Nyheter

NRK Møre og Romsdal og Sunnmørsposten inviterer til direkte valsending frå Terminalen i Ålesund måndag kveld.

– Vi har invitert alle listetoppane frå partia som stiller til val i fylket. I staden for at dei skal springe mellom to lokale, har vi samla dei til felles valvake, seier Hanna Relling Berg, ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten.

På Terminalen: Ansvarleg redaktør Hanna Relling Berg i Sunnmørsposten.  Foto: Staale Wattø

Også andre media er invitert.

Første sending startar klokka 19.30.

Sunnmørsposten vil både ha eigne sendingar, men også samsendingar med NRK Møre og Romsdal.

Sofie Svanes Flem er programleiar for Sunnmørsposten, og i samsendingar med NRK er det Bibbi Kjølås som er programleiar.

– Ein kan følgje spenninga utover kvelden til valdagsmålinga klokka 21 og vidare til Mørebenken er klar, seier Relling Berg og legg til at stortingsvalet er ein festkveld.

I sendinga vil ein ta pulsen på valet. Det blir intervju med politikarar, og det vil bli kommentarar og analysar.

Journalist Trond Westre i NRK og politisk redaktør Jan Erik Røsvik i Sunnmørsposten vil kommentere resultata utover kvelden.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Nyheter