Vegvesenet vurderer å legge europaveg i sjøen i Skodjevika

Statens vegvesen vurderer ny E39 400–600 meter ute i Skodjevika på strekninga Digernes – Dragsundet. Det skriv Vegvesenet i ei pressemelding torsdag.

Veg i sjøen: Oversiktsbilde frå bustadfelt på Valle.  Foto: Statens Vegvesen

Nyheter

Vegvesenet har fått kritikk for å ville legge ny E39 tett forbi bustadhusa på det smale partiet mellom Svorta og Dragsundet. Ålesund kommune gav i haust signal om at Vegvesenet må vurdere tunnel/kulvert.