Finn ny kunnskap i gamle fjell

Toppen på Gamlemsveten er langt unna Nordsjøen. Men dei funna geologane gjer her er nyttige for olje- og gassindustrien.

I grøfta: Geologane Annina Margreth og Jasmin Schönenberger reinskar grøfta før dei tek prøver av den forvitra berggrunnen.   Foto: Gudmund Løvø / NGU

Nyheter

– Vi undersøker Gamlemsveten fordi vi trur at det akkurat her finst spor av djup forvitring av berggrunnen frå jorda sin mellomalder, mellom 252 og 66 millionar år tilbake i tid.