Deler ut vaksinebrosjyrar

Vikebladet Vestposten har dei siste par vekene fått ei rekkje tips om at det blir delt ut brosjyrar om koronavaksinen, ved skular.

Kåre Johan Lynge har den siste tida delt ut brosjyrar om koronavaksinen.   Foto: Linda Eikrem/Vikebladet Vestposten

Nyheter

(Vikebladet Vestposten): – Det stemmer at det er eg som står bak, og de må gjerne lage ei sak på det. Men då må du skrive kven det er som deler ut, ikkje berre at det var «ein person» som gjorde det. Eg står alltid for det eg gjer med fullt namn, seier Kåre Johan Lynge.