Line (27) køyrde kroppen for hardt over tid og utvikla beinskjørheit. No åtvarar ho andre

Line Søraa trente i fleire år på toppnivå i sporten fitness utan å vite kva ein slik ekstremsport kunne gjere med nettopp hennar kropp over tid. Etter år med trening, manglande menstruasjon og store svingingar i vekt, utvikla 27-åringen beinskjørheit. No oppmodar ho andre til å skaffe seg kunnskap om langsiktige konsekvensar av hardtrening og store vektsvingingar.

Line Søraa (t.v) då ho hadde køyrd kroppen hardt over tid og Line i dag (t.h) der ho trenar på kroppen sine premissar.   Foto: Privat

Nyheter

(Fjordenes Tidende): Line Søraa frå Måløy starta med fitness då ho var 22 år gammal i 2016. Då hadde ho allereie trent i åtte år, og hadde tatt utdanning som personleg trenar og treningsrettleiar.