Sa ja til dyrare sentrumsskule

Det nærmar seg byggestart for ein ny sentrumsskule i Sykkylven. Formannskapet har no samrøystes tilrådd at ein seier ja til kostnadsauken og val av entreprenør. Skulen blir ti millionar kroner dyrare.

Sentrumsskule: Illustrasjon av den nye skulen som skal byggast i Sykkylven.  Foto: Streken AS / Ola Roald AS

Nyheter

Kommunestyret i Sykkylven har tidlegare vedteke ei kostnadsramme på 283,5 millionar kroner. Etter anbodsrunden har skuleprosjektet fått ei samla kostnadsramme på 292 millionar kroner.