Her har det budd folk i over 4000 år

Når gjestane tek inn på det planlagde hotellet i Selje, så er dei ikkje dei første som bur her nede ved sjøkanten.

Gravrøys: Arkeolog Lars Jølle Berge ved den eine gravrøysa som er datert tilbake til jarnalderen.  Foto: Vestland fylkeskommune

Nyheter

For her har folk budd i og brukt området nesten kontinuerleg frå yngre steinalder, altså tilbake til rundt 2000 år før Kristus – eller før vår tid, som arkeologar og historikarar gjerne kallar det no.