Politiet har lagt vekk hærverksaka:

– Vi må halde fram som vanleg

Både elevar og tilsette ved Haddal skule er prega av hærverket skulen blei utsett for i tida før skulestart. Skulekvardagen vil likevel vere tilnærma normal – trass i renoveringsarbeid ei tid framover.

Stillas på stillas: Bak rektor Vibeke Vigestad Berge (t.v.) og plasstillitsvalt Lene Gamlemshaug på dette bildet ser ein stillasa som er sett opp for å få gjort ytterlegare fuktsøk i taket. Trappa mellom etasjane er sperra av som følgje av arbeidet. Både Vibeke og Lene, dei andre tilsette og elevane ved skulen - håper det ikkje går så lang tid før ein kan ta skulen i bruk som normalt igjen. – Vi spør jo oss naturlegvis kvifor nokon valde å gjere dette, seier dei to.  Foto: OLE-OTTAR KARLSEN HØGSTAVOLL / VIKEBLADET VESTPOSTEN

Nyheter

(Vikebladet Vestposten): Då Vikebladet Vestposten var i kontakt med politistasjonssjef ved Ulstein og Hareid lensmannskontor, Hilde Aglen, kunne ho bekrefte at saka om hærverk ved Haddal skule er lagt vekk. Saka er etter det Vikebladet Vestposten kjenner til lagt vekk med grunnlag i manglande bevis.