Vaksinestatus i Ålesund nå: – Færre tek dose to

Ei rekkje kommunar står i fare for å måtte kaste tusenvis av vaksinedosar. I Ålesund er det god kontroll på vaksinane, seier kommuneoverlegen.

Lagrar dosar: – Vi har ordna med lagring av dei mange dosane med Moderna som vi har fått i frysar med rett temperatur. Det medfører at vi har dosar tilgjengeleg når vi treng dei, seier kommuneoverlege Olav Mestad.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Årsaka til at kommunane kan ende opp med å kaste vaksinedosar, er at fleire ikkje møter opp til vaksinetimen sin og at folk ikkje bestiller dose nummer to. Spesielt dose to av Moderna er blitt mindre populært, melder Aftenposten.