– Ønsket er å gje barna grunnleggjande brannvernskunnskap

Onsdag og torsdag neste veke får fleire barnehagar i Ålesund kommune storfint besøk av brannbamsen Bjørnis.

Brannvernveka: Før sommaren besøkte Ålesund brannvesen barnehagar i Sula kommune. I høve den nasjonale brannvernveka får barnehagane i Ålesund og Giske besøk.  Foto: Ålesund brannvesen

Nyheter

Grunna smitteverntiltaka blir det heller ikkje i år open dag på brannstasjonane, men brannbamsen Bjørnis og Ålesund brannvesen har likevel lagt til rette for ein barnehageturné i høve den nasjonale brannvernsveka.