Dømd for promillekøyring:

Hevdar han drakk sprit for å døyve smerter etter MC-uhell

Mannen velta på motorsykkel og køyrde sjølv til sjukehuset. Han nektar for promillekøyring og har forklart at han drakk sprit for å døyve smertene.

Illustrasjon  Foto: Berit Roald / NTB

Nyheter

Sunnmøringen i 50-åra var på veg til Trondheim for å feire ein fødselsdag i fjor sommar, og stoppa på ein bensinstasjon i Molde. Då han skulle inn på E39 igjen, hadde han eit uhell og velta med motorsykkelen.