Må betale 187.500 kroner etter promilletur

Ein lege er dømd for å ha køyrt med 1,64 i promille i Ålesund ein fredag ettermiddag i sommar.

Ein lege er dømd for å ha køyrt med promille i Ålesund i sommar.  Foto: Staale Wattø (illustrasjonsfoto)

Nyheter

Ifølgje dommen frå Møre og Romsdal tingrett blei mannen stoppa av politiet og mistenkt for promillekøyring etter å ha krasja med ei flaggstong. Det skjedde då han skulle parkere bilen etter jobb ein fredag i sommar.