– Ein sjeldan tam og tillitsfull sangsvane:

Flyttar ikkje Svanhild frå Hornindal

Svana Svanhild blir likevel ikkje flytta frå Hornindal. Det er klart etter at Dyrebeskyttelsen Norge Ringerike var i Hornindal i helga. Dyrebeskyttelsen Norge vil dessutan klage inn politiet si henlegging av saka.

Sjeldan tillitsfull: Svanhild blir verande i Hornindal. – Ho er veldig frisk og sjeldan tillitsfull. Vi har ikkje opplevd nokon sangsvane så tam som henne, seier Heidi Halvorsen og Marius von Glahn i Dyrebeskyttelsen Norge Ringerike. Dei kom frå Hønefoss til Hornindal i helga for å observere svana, og seier det var vel verdt turen.   Foto: Bengt Flaten / Fjordingen

Nyheter

(Fjordingen): – Svanhild er veldig frisk og fin og ho er sjeldan tillitsfull. Eg har ikkje opplevd nokon sangsvane som er så tam som henne, seier Marius von Glahn. Han er styremedlem og naturvernkontakt i Norsk Ornitologisk forening Buskerud og støttespelar for Dyrebeskyttelsen Norge Ringerike. Laurdag kom han til Hornindal saman med Heidi Halvorsen som er leiar i Dyrebeskyttelsen Norge Ringerike og styremedlem i hovudstyret til Dyrebeskyttelsen Norge. Saman observerte dei Svanhild både laurdag ettermiddag og søndag føremiddag.