Første prisutdeling i nye Ålesund kommune:

Treng fleire nominasjonar

I desember skal Ålesund kommune dele ut seks heidersteikn og prisar for første gong i den nye storkommunen. No er fristen for nominasjonar utsett, grunna for få kandidatar.

Vil gi motivasjon og merksemd: Oskar Skulstad, kultursjef i Ålesund kommune, håpar på fleire nominerte til den første prisutdelinga i den nye storkommunen.   Foto: Alexander Worren

Nyheter

Til fristen 1. september var det spesielt to prisar som mangla nominasjonar. Til Kunstnarprisen, som har eit premiebeløp på 10.000 kroner, var det ikkje komen inn ein einaste nominasjon.