Vil ta opp att diskusjonen om hurtigbåt mellom Bergen og Ålesund i lys av Stad skipstunnel

Under møtet til Nordfjordrådet måndag tok ordførar i Kinn, Ola Teigen, initiativ til diskusjon og samarbeid om hurtigbåtrute frå Bergen til Ålesund.

Ordførar i Kinn kommune, Ola Teigen, vil setje hurtigbåt frå Bergen til Ålesund på agendaen att.   Foto: Seline Larsen/ Fjordenes Tidende

Nyheter

Fjordenes Tidende: Ønsket om ei hurtigbåtrute mellom Bergen og Ålesund har vore diskutert i rådet tidlegare og spelt inn til fylkeskommunen. Då bar innspelet ingen frukter grunna utfordringar med å få til heile strekninga.