Reagerer på «folkevandring» for å sjå havaristen – ber om at folk held seg unna

Ei veke etter at ein sjark sank ved Verlo i Måløy, opplever dei tilsette ved verftet at nysgjerrige forbipasserande til stadigheit kjem for å sjå på havaristen. No ber leiinga folk om å halde avstand av sikkerheitsomsyn.

Tok inn vatn: Det var førre søndag at denne båten sokk ved Verlo sitt anlegg i Måløy. Sidan den tid har det vore ei «folkevandring» med folk som har tatt turen for å sjå på havaristen. No ber leiinga folk om å halde seg vekke.  Foto: BJØRN DRABLØS/Fjordenes Tidende

Nyheter

(Fjordenes Tidende:) Ved verftet midt i Måløy er det rundt åtte-ti mann som er i aktivitet kvar dag. Det er kraner, truckar og stor aktivitet til ei kvar tid. Men dette har ikkje hindra nysgjerrige i å trakke ned på området for å sjå på båten som ligg ved kaia.