Vikarprest er tatt ut av teneste inntil vidare

Vidar Nes Mygland vart tilsett som vikarprest i Ørskog og prostiprest i Nordre Sunnmøre prosti. No har biskopen i Møre bestemt at han skal takast ut av teneste inntil vidare.  Foto: Randi Ansok / Nyss

Nyheter

Den nytilsette vikarpresten i Ørskog, Vidar Nes Mygland, har dei siste dagane skapt stor debatt. Han har mellom anna uttalt at kvinner ikkje bør vere prestar og at han ikkje vil ha gudsteneste med kvinnelege kollegaer.