Pasient døydde i trapp på sjukehus – no er området sikra

Volda sjukehus har sett i verk sikringstiltak etter at ein pasient kom seg ned i ei trapp, der han døydde.

Beklagar: Volda sjukehus beklagar både hendinga og at pårørande ikkje fekk korrekt informasjon om varsling. Dei har tatt med ser erfaringane i det vidare kvalitetsarbeidet. Arkiv  Foto: Terje Engås

Nyheter

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal blei kontakta av pårørande til ein pasient som døydde uventa medan han var innlagd ved Volda sjukehus. Pasienten blei funnen død i ei trapp. Pårørande var kritisk til at dødsfallet ikkje var meldt verken til politi eller helsetilsyn.