Meiner enkelte slepp å jobbe med kvinner:

Ber biskopen gripe inn

Meiner fast tilsette prestar «slepp» å ha gudsteneste med kvinnelege kollegaer.

Prest: Anders Barstad er prest i Spjelkavik kyrkje og leiar i den lokale presteforeininga.   Foto: Johan Behrentz

Nyheter

Tysdag denne veka kom nyheita om at biskopen i Møre og Romsdal har bestemt at Vidar Nes Mygland, vikarprest i Ørskog, skal takast ut av teneste inntil vidare.

Dette skjedde etter at den nytilsette vikarpresten mellom anna uttala at kvinner ikkje bør vere prestar og at han ikkje vil ha gudsteneste med kvinnelege kollegaer.





Prestekollega Anders Barstad i Spjelkavik kyrkje meiner biskopen også må rydde opp blant fast tilsette prestar, melder NRK Møre og Romsdal.

– Det er mykje verre at fast tilsette prestar får halde fram utan at biskopen grip inn, seier Barstad, som også er leiar i den lokale presteforeininga, til NRK.

Han hevdar at vaktlistene fleire stader blir ordna slik kvinneprestmotstandarar «slepp» å arbeide med kvinnelege prestar.

Fungerande biskop i Møre, Olav Gading, skriv i ein e-post til NRK at det er lov å ha ulike meiningar og haldningar i dette spørsmålet, men at ein ikkje kan la vere å samarbeide. Han skriv at biskopen har hatt samtalar med aktuelle prestar det siste året.


Barstad første gjest i Sunnmørspostens nye podkast-serie:

Tilbake som prest i hjemkirka

Første dag etter påske startet Anders Barstad (52) i jobben som ny kapellan i Spjelkavik kirke. Det ble ikke helt som forventet.