Normal drift på Festøy-ferja frå 19.30

Norled melde like etter klokka 18 søndag kveld at ferjesambandet Solavågen-Festøya var innstilt inntil vidare. Like etter klokka halv sju er sambandet i drift igjen. – Ein må rekne med noko forseinking den første tida, men dette blir gradvis tatt inn, ifølgje meldinga frå Norled. Årsaka til at ferja var innstilt var trafikkulukka på Vartdalsstranda. I ein ny melding varlar Norled at forseinkinga er tatt inn og at det frå klokka 19.30 blir normal trafikk i sambandet.
Nyheter