Domstolsreforma av 2021 blir skrota av den nye regjeringa:

Domstolendring gjer Volda-ordføraren glad

Den nye regjeringa varslar at den vil gjeninnføre strukturen for domstolane før domstolsreforma av 2021. Det betyr at Søre Sunnmøre tingrett i Volda blir gjenoppretta, og får sin eigen sorenskrivar igjen.

Gjenoppstår: Søre Sunnmøre tingrett i Volda gjenoppstår, takka vere den nye Ap/Sp-regjeringa. 

Nyheter

– Dette var gledeleg, og noko vi i Volda har kjempa for. Men det kom ikkje som noko overrasking, for dette har heile tida vore ei viktig sak for Senterpartiet. Og eg har også forstått at Arbeidarpartiet ikkje var imot det, seier ordførar Sølvi Dimmen (Sp) i Volda.