Ny gigantmaskin på plass hos Pla-Mek

– Eg veit ikkje om den er den største sprøytestøypemaskina i landet, men den er nok ikkje langt unna.
Nyheter

Det seier dagleg leiar Sveinung Ørjasæter hos Pla-Mek til Nyss. Saman med fabrikksjef Bjarne Olav Velle viser han lokalavisa rundt i den heilt nye produksjonshallen som har blitt bygd på industriområdet på Aursnes i Sykkylven. Den nye hallen er ein del av satsinga til bedrifta, som opplever gode økonomiske tider.