Jordras ved Hustadneset: – Vi høyrde berre kor det buldra og small

Ved Hustadneset på Sæbø i Ørsta kommune har det gått eit nytt jordras torsdag kveld. Ifølgje Møre og Romsdal politidistrikt er to naust tatt av jordraset.

Fleire utrykkingskøyretøy: – Både brannvesen, ambulanse og legevakt-bil frå Ørsta kom. Det var sikkert åtte utrykkingskøyretøy her, om ikkje meir, seier Runar Strandmann.  Foto: Runar Strandmann

Nyheter

– Hustadnesvegen er stengt på grunn av jordraset. Naudetatane er på veg til staden.