Ho er sjukepleiar, han driftsteknikar. På fritida er dei fruktdyrkarar med mange tusen eple- og plommetre

– Vi må ha noko å tuske med, seier Ingrid og Per Einar Linge Johansen om det som per no er ein hobby.

Linge: Først kjøpte ekteparet Ingrid og Per Einar Linge Johansen Eilevsgarden, og for to år sidan tok dei over drifta av Sakrisgarden. No er dei i full gang både med å utvide fruktproduksjonen, men også med å forbetre og utvikle nye produkt.   Foto: Staale Wattø

Nyheter

Hugsar du første gongen du stakk nasen ned i ein boks med hornsalt. Kor overraska du vart av den intense lukta som trefte deg? Litt slik kjenst det å opne døra til kjøla på gardsutsalet på Sakrisgarden. Med kasse på kasse fulle av eple er dufta så sterk at det mest ikkje er til å tru at den er ekte, men det er den. Søtleg og frisk på same tid gir den ein sanseeksplosjon som gjer at du får lyst til å lukke auga. Lukke auga og bli ståande litt ekstra, berre for å kjenne på den.