Ras i Jimdalen i Tafjorden

– Er ikkje siste gong

Video av Gunnar Rødal, som sjølv bur i Tafjord.

Nyheter

Fredag gjekk eit større steinras i Jimdalen i Tafjord. Gunnar Rødal, som har god sikt til rasområdet frå heime sin, filma støvskyane som oppsto.

– Det er eit rasutsett område. Det er støv på bilane, hagemøblane og vindauga på husa, seier han til Sunnmørsposten søndag.

– Vi er rimelig vande til det.

– Så dette er ikkje noko dramatisk for dykk?

– Nei, ikkje i det heile tatt eigentleg. Dette er ikkje første gongen og heilt sikkert ikkje siste heller.

Det var i sommar svært lite nedbør.


Tørkeramma sunnmørsbønder skal til Lom for å lære om vatning

Tru det eller ei, men det regnar for lite på Sunnmøre i sommarhalvåret til at hjula går rundt for grasproduserande bønder. Førstkomande fredag skal dei over til Ottadalen for å lære av kolleger.


Den siste veka har det derimot kome mykje regn og sludd på kort tid. Det har utløyst fleire ras, mellom anna på Hustadneset (Sæbø) i Ørsta. Der vart eit eldre par og fem turistar isolert frå torsdag av.


Framleis isolerte på Hustadneset - truleg veglause til måndag

Skredet kan ha vore ein seinverknad av «Dagmar» frå 2011

– Orkanen «Dagmar» la flatt eit stort areal med gran, og området vart aldri rydda. Alt dette tømmeret har truleg demt opp bekken. Når demninga brast, dundra store mengder tømmer, lausmasse og stein ned mot fjorden.