Meiner at tunnel er ei langt tryggare løysing

Eit fanggjerde mot steinras er ikkje godt nok for folk i Norddal.

Denne steinen stengde vegen til Norddal frå fredag kveld til laurdag morgon.  Foto: Kåre Andre Berge / Statens vegvesen

Nyheter

Fredag gjekk det på nytt steinras på Norddalsstranda. Raset vart etter alt å døme utløyst av kraftig regnvêr. Det meste for rett på sjøen, men ein relativt stor stein vart liggande i vegbana, og vegen vart stengd. Laurdag morgon vart vegen opna igjen, etter at det hadde vore gjort undersøking med drone i fjellsida.