Gunnar Grodås har spelt seniorfotball i seks ulike tiår:

– Eg har hatt mange gleder gjennom fotballen

– Kor mange kampar eg har spelt anar eg ikkje. Og det er heller ikkje viktig, seier Gunnar Grodås.

Trufast sliter: Gunnar Grodås (63) har spelt seniorfotball i heile seks tiår. Det er knapt ei bane i Sogn og Fjordane han ikkje har spelt på.  Foto: THOMAS THAULE, Fjordingen

Nyheter

(Fjordingen): Tysdag for ei veke sidan nådde 63-åringen frå Hornindal ein milepæl som det skal bli vanskeleg å slå. Då han entra bana nokre minutt før slutt i 6. divisjonsoppgjeret mellom Stadlandet og Hornindal kunne han nemleg slå i bordet med at han har spelt seniorfotball i heile seks tiår: Frå den spede starten som 16-åring på 70-talet, gjennom 80- og 90-talet, 2000-talet, 2010-talet og no 2020-talet.