Møre og Romsdal slepp unna dei høgaste straumprisane

Høge straumprisar er eit heitt tema for tida, men enn så lenge har Møre og Romsdal sloppe unna dei høgaste prisane.

Høge prisar: Straumprisane i år har vore markant høgare enn i 2020. Møre og Romsdal har likevel sloppe unna dei verste prisane.   Foto: EVEN ØRJASÆTER / NYSS

Nyheter

Om ein følgjer med i det nasjonale nyheitsbildet er høge straumprisar i Sør-Norge eit heitt tema. Med prisar opp mot 3 kroner per kilowattime er det fleire som vel å fryse for å spare straum til oppvarming. Her i fylket har vi derimot sloppe unna desse høge prisane.