Dømd for ruskøyring med barn i bilen

Spyttprøva gav ikkje utslag, men politiet meinte bilføraren var påverka. Han fekk likevel køyre dottera heim, før dei tok nye prøver. No er mannen dømd for ruskøyring.

Illustrasjon  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Mannen i 50-åra var på veg heim til Sula frå kino på Moa, då han blei stoppa av politiet. Trass i at det var snøvêr og glatt meinte politiet at bilen køyrde påfallande seint.