Denne falske svindel-eposten gjekk stabssjefen rett på

– Dei fleste seier at dei ikkje tenkte før dei klikkar. Difor er mantraet vårt «tenk før du klikkar».

Test: Denne e-posten vart sendt ut til tilsette i kommunen for å teste om dei klarte å avdekke phising via e-post.  Foto: Skjermbilde

Nyheter

Det seier sikkerheitsansvarleg i Ålesund kommune, Åse Karin Gjære. I kommunen arbeider ei gruppe med datasikkerheit, eit område dei spår vil koste meir i framtida. Berre det siste halvåret har kommunen vore utsett for to større dataangrep.