Rekordauke hos Rempro AS

Bedrifta har dobla driftsresultatet frå 2019 til 2020 og har planar om å tilsette fleire.

Optimist: Dagleg leiar Stig Inge Rem ser lyst på framtida.   Foto: RANDI ANSOK/NYSS

Nyheter

Rempro AS er ein leiande produsent av kompositt- og glasfiberprodukt og har kundar i mange ulike bransjar. Dei produserer alt frå små vinklar til store stolpar. Den store veksten det siste året skuldast hovudsakeleg dei nye produkta som dei leverer til oppdrettsindustrien fleire stadar i verda. Eit av desse produkta er stenger som skal halde på plass fuglenett over oppdrettsanlegg.