Lokalt selskap har signert kontraktar for fleire titals millionar

Ulsteinvik-baserte Entec Group opplever stor vekst innan landbasert oppdrett - og på kort tid har dotterselskapet Brimer Servitech signert kontraktar på rundt 50 millionar kroner. Meir enn halvparten i lokalmarknaden på Sunnmøre.

Oppdrettskar: Utstyr frå Brimer Servitech opplever aukande nasjonal og internasjonal etterspurnad. Dette bildet viser tankar på Salmobreed sitt anlegg i Salten.   Foto: PRESSEFOTO

Nyheter

Det melde Entec Group i ei pressemelding tidlegare denne veka. Ein kontrakt er knytt til utbygginga av Hofseth Aqua sitt anlegg i Tafjord. I tillegg har Brimer Servitech også signert ein kontrakt med Sande Seafarm på levering av åtte tankar. Kvar tank dei skal levere dit blir to meter høg og vil ha ein diameter på åtte meter.