50 år sidan Molaupsskredet:

Ærverdig minnesmarkering i Sæbø kyrkje

21. november 1971. Under ei gudsteneste i Sæbø kyrkje brenn sju ljos på herresida heilt ned. Tre dagar seinare døyr sju menn ved Molaupen i Hjørundfjorden. Nøyaktig 50 år etter var folk atter samla i kyrkja. Denne gong for å minnast.

Ljostenning: Berit Klepp står ved sida av medan Eli Standal tenner ljos for mannen Karl A. Standal. Børre Pilskog, Anita Standal Digernes og Erling Frøysa står klare til å tenne ljos for sine.  Foto: Linda Bakken

Nyheter

Søndag 21. november var etterkommarar og andre samla i Sæbø kyrkje for å minnast Molaupsskredet i 1971. I ei gudsteneste som byrja med dåp, vart det ein hyllest både til dei som gjekk før oss og til dei som kjem etter. Andre del av gudstenesta vart via til dei som omkom i Molaupsskredet, og i andre tragiske ulukker i Hjørundfjorden. Det var og eit minnesmerke over dei som kjempa for å redde folk, og for dei som levde vidare.