Etterforskar brann som ingen varsla om

Både politiet og brannvesenet stussar over at eit bustadhus og ei løe kunne brenne ned i Stranda, utan at nokon slo alarm og varsla naudetatane.

Branntomta: I helga stod det to bygg her. Naudetatane vart ikkje varsla om brannen.  Foto: Privat

Nyheter

Politiet i Stranda og Sykkylven driv no teknisk og taktisk etterforsking etter at eit hus og ei løe brann ned i Bygdavegen i Stranda natt til måndag. Det spesielle med saka er altså at naudetatane ikkje fekk melding om det som hadde skjedd før måndag ettermiddag. Det budde ikkje folk i huset.