Molaupsulykka:

Fjellklatrarar kan ha redda to liv

– Vi kom sist, men burde kanskje vore på rasstaden før mange andre, seier Lars Dahle, ein av fjellklatrarane som var med i bergingsaksjonen under Molaupsulykka. Dei trudde dei kom for seint til å berge liv.

Bratt: Fjellklatrarane sikra med boltar i den bratte fjellveggen, slik at lavinehund og mannskap kom seg ned i gjølet.   Foto: Finn M. Selliseth

Nyheter

Lars Dahle var ein av fire fjellklatrarar som kom frå Molde og hjelpte til med å sikre bergingsmannskap under Molaupsulykka. Fjellklatrarane si rolle er seinare trekt fram som avgjerande for at to menn blei funne i live etter raset.