Vil varme opp hotell med spesiell metode

Norwegian Hydrogen presenterte framdrifta si under kommunestyremøtet i Stranda onsdag.

Basecamp: Grand Hotel på Hellesylt blir ein del av det nye basecamp-hotellet i bygda. Oppvarming av hotellet vil bli gjennom varme frå den nye hydrogenfabrikken.   Foto: EVEN ØRJASÆTER/NYSS

Nyheter

Under kommunestyremøtet i Stranda onsdag føremiddag hadde Jens Berge frå Norwegian Hydrogen eit innlegg der han presenterte selskapet. Dette starta som kjent som Hellesylt Hydrogen Hub, men har seinare blitt flytta inn i ein større satsing, Norwegian Hydrogen. Dette selskapet er eigd av Flakk-gruppen, Tafjord kraft, Hofseth International og Hexagon Purus, i tillegg til andre ikkje-industrielle eigarar.