Ordføraren om Jugendfest:

Forstår at folk er bekymra for aukande smitte

Rekordsmitte i Ålesund, og tusenvis av personar skal på Jugendfest i helga. Ordføraren forstår at folk er bekymra.

Må avgjere sjølv: Ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) har fått fleire e-postar frå folk som er bekymra. Ho meiner folk har personleg ansvar og avgjer sjølv om dei vil gå på konsert eller ikkje.  Foto: Tarjei Engeset Ofstad (arkiv)

Nyheter

Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal skal sjølv ikkje på Jugendfest i helga, men forstår at det blir stilt spørsmål rundt festivalen som kan samle til saman 17.000 menneske.