Hytteeigar på Overøye:

Vil ha tilbake nattemørket

– Lysforureining er eit aukande problem både for folk, dyr, insekt med meire - og dessutan sløsing med energi og pengar. Det skriv ein hytteiegar på Overøye i eit brev til ordføraren i Fjord kommune, og etterlyser ein lysplan.

Kveld: Hytter i blåtimen. Naturvernforbundet ynskjer seg lysplanar i alle hyttefelt landet over. (Illustrasjonsfoto)  Foto: Geir Olsen / NTB

Nyheter

– Vi er heldige som har hytte i Fjord kommune, på Overøye. Eit fantastisk flott område med den finaste naturen. Eg skriv ikkje dette for å henge ut nokon, men det eg ynskjer peike på er noko som vi har snakka mykje om, og som fleire vert meir og meir merksam på – nemleg lysforureining.