Valde fastpris på straum – sparer 200.000 i året

– Likevel – med dagens politikk og prisnivå held vi neppe ti år til

- At vi valde fastpris på straum i fjor vår, er noko av det luraste vi har gjort. Med dagens straumpris betyr det ei innsparing på nærare 200.000 kroner i året.

Høge utgifter: – Ja, vi sparer eit par hundre tusen på fastpris på straum. Men alle andre utgifter fyk til himmels, som prisen på diesel, plast og kunstgjødsel, seier Jan Eldar og Hans Nicolai Hovdenakk.  Foto: Svein Nordal, Møre-Nytt

Nyheter

(Møre-Nytt): Det seier far og son Jan Eldar (55) og Hans Nicolai Hovdenakk (28), som driv både Hovdenakk Hjort og Vassenden samdrift.