Kommunen må ut med erstatning

Semje om erstatning etter rettsmeklingsmøte.

Fekk mindre hage: Denne hagen strekte seg til Vikaelva før flaumsikringsarbeidet tok til i 2019. Kommunen gjorde avbøtande tiltak i form av opparbeiding av bed og planting til 121.000 kroner, men må likevel ut med erstatning og dekkje grunneigar sine sakskostnader.  Foto: Roger Oldeide, Fjordingen

Nyheter

(Fjordingen): I høve flaumsikring av Vikaelva i 2019 og 2020 gikk det med om lag 200 m² av hagen til grunneigar Liv S. Nordang Solum. Sonen Svein O. Nordang Solum saksøkte kommunen fordi han meinte inngrepa på hagen skal ha skjedd utan lovheimel eller avtale.