Dom i tingretten:

Tapte sak mot eigedomsmeklar

Det ombygde butikklokalet blei seld som leilegheit, men var ikkje godkjent som bustad. Kjøparen har no tapt søksmålet der han kravde eit par millionar kroner i erstatning.

Ålesund: For fleire år sidan kjøpte mannen ei leilegheit i Ålesund, som ikkje er godkjend til bustad. Ilustrasjon. Dronefoto  Foto: Staale Wattø

Nyheter

For 15 år sidan kjøpte mannen sin første bustad, ei leilegheit i ein bygard i Ålesund sentrum. Tolv år seinare skulle han selje leilegheita, og først då oppdaga han at den ikkje var godkjent som bustad.