Ekstremvêret «Gyda»: Her regna det mest

Hardast råka av ekstremvêret dei siste dagane er Møre og Romsdal og delar av Trøndelag. Her får du ei oversikt over kvar det regna mest, og kor mange skademeldingar som har kome inn til forsikringsselskapa.

Det vart meldt om rekordhøg vassføring i Follestaddalselva i Ørsta kommune.  Foto: Jan Erik Finsæther

Nyheter

Seint torsdag kveld blei ekstremvêret «Gyda» erklært som over. Den atmosfæriske elva vart tysdag oppgradert til raudt nivå, og Meteorologisk institutt (MET) sende ut fleire farevarsel knytt til regn og vind, flaumfare, snø- og jordskred.